Bli med på Kulturmix

Kulturmix er eit tur-konsept for reise- og musikkinteresserte og for folk som likar å synge. Det er eit heilt spesielt opplevingstilbod for dei som har interesse for kultur og kulturelle uttrykk.

Første “Kulturmix-ekspedisjon” var i 1992 til New Orleans. Sidan den gong har vi besøkt mange land – og nokre stadar opptil fleire gongar – i fleire verdsdelar. Mange har valgt kulturmix-reiser som alternativ til meir tradisjonelle turist-reiser.

Pr. i dag er der ca. 2000 frå heile Norden som har meldt interesse for å stå på ei mailingliste for Kulturmix. Med jamne mellomrom får desse tilsendt informasjon og tilbod om Kulturmix-reiser, via E-post. Kven som melder seg på reisene, er tilfeldig frå tur til tur. Mange har delteke på fleire av turane. Kvar reise har sitt eige særpreg.

Eit av måla er å skape eit kor i løpet av turen. Ein veit aldri kva slags kor ein får før gruppa møtes og turen er i gang.
Når vi er undervegs i det landet vi reiser i, øver vi gjerne eit par timar pr. dag – så sant det let seg gjere. Mot slutten av turen har vi skapt eit “Kulturmixkor” og er klare for å møte lokale songarar eller musikarar. Då har vi gjerne eit meir intensivt seminar saman med desse. Slik får vi nær kontakt med dei “lokale”, og kjem bak turistfasaden i landet.
Kulturmix
Kulturmix jobber seg saman gjennom musikken på tvers av kulturelle, politiske og religiøse grenser.
- ovanfor frå Kulturmix New Orleans (til venstre) – Madagaskar (til høgre) – og nedanfor frå Beijing

Konsentrasjon

Vi har med oss repertoar som både ber i seg vårt vestlege kulturelle uttrykk, og songar som vi har lært på andre turar. Dette prøver vi å lære frå oss til dei vi besøker, medan dei lærer oss nokre av sine songar. Vi øver saman med dei i to eller fleire kveldar, og feirer det heile med ein avsluttande konsert. Deretter blir koret “lagt ned” – og vi reiser heim. Neste gong vil det vere eit nytt kor, og med andre songarar, utfrå kven som har meldt seg på turen.

Kulturmix inkluderer også typiske turistopplevingar av det landet har å by på, både av nasjonal kultur, mat og landskap.

Kvar går turane ?
Kulturmix-turane har til no vore i New Orleans, Cuba, Ecuador, Galapagos, Peru, Madagaskar, Beijing, Nagaland/India, Nepal, Azerbaijan, Kroatia, Albania, Scopelos og Italia.

Kven reiser på slike turer ?
Gruppene som reiser er som regel tilfeldig samansett. Det er gjerne folk som har lyst til å vere med på noko “annaleis”. Ein vanleg A4 – ferietur er det definitivt ikkje, og det plar vere ei fin blanding av folk. Her finn ein folk med forskjelleg bakgrunn og ærfaringer. Nokre har aldri prøvd å synge i kor før, medan andre er meir ærfarne koristar. Det hender at ektefellar eller born har vore med utan å delta i koret, men berre for turen sin del og dei andre opplevingane, som det også er rikeleg av.

Notekunnskapar, og songærfaring? Det vert ikkje stilt spesielle krav om notekunskapar eller songærfaring for å kunne bli med. Men det vert lagt vekt på at ein er kulturelt nysgjerrig og sosial, og at ein likar å synge. Påmelding skjer individuelt og ikkje som kor eller gruppe. Størrelsen på gruppa kan variere frå 25 på ein tur, til over 70 personar på nokre turar.

Gjennom samarbeidet for å skape eit kor, og i møte med andre koristar kjem ein mykje nærarare kvarandre enn ein elles vil gjere som vanleg turist.

 

Opplegg
Turane har ulikt opplegg etter kva land vi besøkjer. På nokre turar som for eksempel i Beijing og i New Orleans ( 7 – 9 dagar) bor vi vanlegvis på ein stad heile tida, med sightseeingturar eller vandringar i byen på dagtid, og med øvingar på kveldstid…. På andre turar som for eksempel til Søramerika og i Afrika ( 14 – 16 dagar), vert deler av turen brukt til rundreise i landet. Då vil ein gjerne ha med både jungel og strandliv i tillegg til seminarbiten. Det blir likevel songøvingar undervegs der forholda ligg til rette for det.

Er du ein kulturmixar?
Det at du alt har lese so langt om Kulturmix, betyr truleg at svaret er ja.

  • Alle over 18 år, som liker å synge kan vere med.
  • Kulturelt interesserte, musikkinteresserte, koristar og song-glade frå heile Norden er velkomne å bli med.
  • Gjennomsnittsalder på dei som har vore med på turane til no har vore +/- 50 år, og spenner frå 18 til 80 år. Ungdomar på 16 og 17 år har også vore med, men då i følgje med foreldre.

Korleis bli med på ein tur med Kulturmix? – ønskjer du nærare informasjon om innhald, prisar og turar som er på gang, kan du fylle ut skjemaet som kjem opp når du klikkar her på: skjema. Skriv gjerne kva for tur/turar du kan vere interessert i.

Namnet ditt vil då kome på ei E-postliste, og frå tid til annan vil du få informasjon om både turar og seminar. Og du vil få høve til å melde deg på turar om du synest det er interessant.

Kulturmix er “kulturelle oppdagingsreiser” – “interaktiv kultur-turisme” – og “back stage kulturmøter” i andre land.

Klikk er for meir info om komande turar

Sjå fleire bilete med å klikke her på: fleire bilder og så klikk på dei kameraene som viser seg.

Minority
Musikkstudentar på det etniske universitetet i Beijing

Gjennomførte turar i 2011

ECUADOR and GALAPAGOS
10. – 26. April 2011 (fullteikna)

ALBANIA 27. juni – 05. juli (47stk)

NAGALAND i Nordaust India 30.sept. – 12 okt og for halve gruppa vidare til NEPAL 12. – 16. oktober (46stk)

Kulturmixreiser 2012:(English)

NEW ORLEANS – USA
29. sept- 08.oktober 2012 Prisen er ikkje ferdig kalkulert enno, men vil ligge på +/- 19.000 kr. tur/retur Oslo Airport Gardermoen